Tidlegare hendingar
Trykk her for å sjå etter bilete frå tidlegare arrangement
Polarkveld på Ishavsmuseet
Onsdag 25. mai kl 19.00
Mats Forberg gjestar oss med foredrag og flotte foto. Les meir her.
Folkemøte i Brandal
Fredag 27. mai kl 18.00, Brandal Bedehus
Sist torsdag vedtok kommunestyret å ikkje leige ut skulen til Brandal friskulelag. Dette trass i at dei vedtok det motsette i mars-møtet. Planen til kommunen er no å omregulere skuleområdet til anten næringsføremål eller bustadføremål. Deretter er tanken å selje bygget.
Omreguleringa hindrar friskulelaget i å drive skule der sjølv om vi skulle finne på å kjøpe skulen.
Dette betyr at friskulen står overfor ein prekær situasjon. Anten må drifta leggast ned, eller så må ein finne alternative lokale.
I skrivande stund arbeider vi med bedehuset som alternativ for skuledrifta vår. Dette arbeidet vil vi informere om på møtet. Men styret treng innspel og synspunkt i saka.
Med dette inviterer vi difor foreldre og bygdefolket elles til folkemøte.
Tid: Fredag 27. mai 2011 kl 18.00 Stad: Brandal bedehus
Vel møtt!
Med helsing for Brandal friskulelag Dag Audun Eliassen, leiar
Påskefest på Pakkhuset
Onsdag 20/4 arrangerte Brandal Vel Pakkhusfest på Pakkhuset frå klokka 20.00. Alle er velkomne!
17. mai i Brandal
Tradisjon tru feira vi 17. mai på Brandal bedehus. Kakesalet var på Pakkhuset, resten av feiringa var lagt til bedehuset.
Brandal Båtlag
Brandal Båtlag er lagt inn i oversikta over lag og organisasjonar i toppmenyen. Der frå kan du klikke deg vidare til infosida deira. Den finn du også her.
Årsmøte for Brandal Vel
Brandal Vel heldt årsmøte onsdag 23. mars kl 20.00 på Pakkhuset.
Årsmøte for bedehuset
Det vart halde årsmøte for bedehuset søndag 27. Februar. Årsmøtet starta med servering av hjortegryte, godt oppmøte.
Nyttårsfeiring i Brandal
Ope på Pakkhuset
Fredag 31. desember var det ope på Pakkhuset frå kl 23.00 og utover.
Nyttårsbading
Tradisjon tru var det nyttårsbading i Brandal 1. nyttårsdag kl 13.00.
Barnedisco på Pakkhuset
Det vart arrangert barnedisco på Pakkhuset fredag 10. des kl 17.30-19.30. Med kiosksal og god stemning. Arr. Brandal Vel
Førjulssøndag på Ishavsmuseet og nissemarsj
Søndag 5. desember var det førjulssøndag på Ishavsmuseet med m.a. middag og nissebesøk.
Brandal IL arrangerte nissemarsj rundt i bygda med innlagt saft- og kjeksstopp halvvegs i løypa. Omlag 50 små og store deltok på marsjen.
Julegrantenning
Onsdag 1. desember var det tenning av julegrana i Brandal Sentrum. Skuleborna song, allsong, kakao og pepparkaker.
Arr. Brandal Vel og Bedehusforeninga.
Juleverkstad
Søndag 28. november kl 12 og utover arrangerte Brandal Vel juleverkstad for små og store på Pakkhuset. Om lag 30 brandølingar og andre fann vegen til Pakkhuset, laga julepynt og kom i god god førjulsstemning.
Julemesse laurdag 20. og søndag 21. november.
God, gamaldags julemesse med mange lokale utstilarar og kun heimelaga/handlaga ting. Her kan du finne det meste, t.d. englar, nissar, alvekjolar, strikkalestar, bilder, forkle, smykke, strikkakragar, strikkagensarar, tepper, dukar og veldig mykje anna.
Det vert også kafe i hovudetasja, med kaffi, kaker og ein varmrett.
Boklansering på Ishavsmuseet søndag 7. november
Boka "Is, skuter og folk - Isflaket 10 år"
Boklansering og middag. Les artikkel frå Vikebladet.
Krabbefest på Pakkhuset
Brandal Vel arrangerte krabbefest på Pakkhuset laurdag 30. oktober. Omlag 50 gjestar møtte fram til fest der det på ingen måte mangla krabber eller godt humør.
Ishavskveld
20 oktober arrangerte Ishavsmuseet Ishavskveld. Arrangementet var i forbindelse med Hareidsstemna, og har vore tradisjon i fleire år.
Kulturminnevandring 12. september 2010
Søndag 12 september var det kulturminnevandring på Kvitneset. Omlag 100 personar møtte opp i det strålande solskinet og fekk omvisning av Arve Røyseth. Brandal Velforeining stilte med gratis vafler og kaffi til dei frammøtte. Etter vandringa serverte Ishavsmuseet grillmat, kaker og kaffi.
Artikkel i Vikebladet
Brandalsdagane 3.-5. september 2010
Brandalsdagane vart arrangert for første gong sidan 2007. Heile helga fekk bygda strålande vèr og godt besøk.
Program:
Fredag:
Barnedisco på Pakkhuset
Laurdag:
Fellesbading
Kafè på Pakkhuset
Standar i sentrum
Fjelltur Flø-Brandal med kulinariske pitstopp (i regi av Hareid Hotel)
Redningsskøyta Elias
Loppemarknad på bedehuset
Barneriding
Fotballkamp, Indre mot Ytre
Kassebilløp
Fest på Pakkhuset med grilling og Fredrik Steen
Søndag:
Fellesbading
Sal av rjomegraut, kaffi og kaker på Ishavsmuseet
Fiskekonkurranse
Loppemarknad på Bedehuset
Sykkelløp
Artiklar i vikebladet
Link 1
Link 2
Link 3
|