Fakta

 

Brandal ligg i Hareid kommune

Innbyggjartal: 321 (2009) + 2 frå 2008

Areal: 0,39 km²

 

Trykk her for å gå til Sunnmørskart som viser dei forskjellige eigedomane i Brandal

 

 

Historie

Frå Wikipedia

 

Brandal har ei lang historie innan selfangst. I 1898 gjekk dei første skutene til nordishavet. Far og son Severin og Peter Brandal var skipper på kvar si skøyte som vart forsterka til å gå i is. På vårparten i 1898 stemnde dei ut Breisundet med Minna av Brandal og Nils Liaaen av Ålesund. Dei hadde også lag med Sleipner av Ålesund med skipper Jonas Fuglevik. Dette var starten på ein ny næringsveg for Sunnmøre og Vestlandet. Brandal vart etterkvart eit senter for all selfangst og polare ekspedisjonar frå heile Vestlandet. Her vart det bygd mottaksannlegg i land for både sel produkt og sildeolje. Fram mot siste verdskrig vaks det fram eit miljø i denne vesle bygda som var eineståande for heile landet. Det var ikkje berre pelsskinn og selspekk dei tok med seg heim, men dei fanga og levande isbjørn og moskus som dei leverte til dyrehagar rundt om i Europa. Dei hadde moskusar gåande på beite oppe på fjellet, isbjørn i bur på sjøbuene og jamvel ha kvalross symjande under sjøbugolva i påvente av sal.


Brandal var heimehamn for til saman 47 ishavsskuter frå starten i 1898 og fram til siste fangsttur i 1998. I tillegg kjem skuter frå Hareid og Hjørungavåg, så til saman hadde Hareid kommune 57 ishavsskuter. Alle desse er i dag vekk. Kun to skuter er tekne vare på her i regionen ”Aarvak” frå 1912 som er satt på land ved sidan av ishavsmuseet Aarvak, og ”Polarstar” den første selfangar bygd i stål i 1948. Ein 100 år gamal næringsveg er i dag borte. Dei to mottaksanlegga er nedlagde.


17. mai 1941 kom dei først tyske soldatane til Brandal, ein tysk løytnant med 22 mann. Tre dagar seinare, den 20. mai kom 64 mann med fullt utstyr. 23. mai kom 4 kanoner og 22 artilleristar, 18. juli kom 50 infanteristar frå Roald. I august kom to norske entrepenørar med det mål å byggje ei festning på Kvitneset, desse var Bernard Olsvik og Erlend Hurlen. 7 august byrja bygginga. 27 juni 1942 kom dei første russiske fangane til Kvitneset, 30 stk. I januar 1943 var fangetalet oppe i 105, men i gjennomsnitt var der ca. 60. På det meste var der omlag 500 tyske soldatar på Kvitneset i løpet av krigen.