Tysdag 10. mai kl. 10.00-12.00
Vi har no besøk frå Universitetsmuseet i Bergen i Brandal. Dei er i ferd med å fullføre undersøkingar og sikre informasjon som ligg i jorda, med bakgrunn i menneskleg aktivitet i Brandal tilbake til 6000 år sidan.
I den forbindelse ynskjer vi å invitere til ein informasjonsdag medan fagfolket framleis er her, tysdag 10. mai kl. 10.00. Interesserte vil få høyre både om funna som er gjort i Brandal og fylkesarkeolog Arve Nytun vil fortelje om funn andre stadar i distriktet rundt oss.Hjartans velkomne til ein spennande formiddag i Brandal.
Arrangementet startar ute, oppom Pakkhuset. Enkel servering.Informasjonsdagen er eit samarbeid mellom Universitetsmuseet i Bergen, Møre og Romsdal fylkeskommune, Brandal Vel, Hareid historielag og Brandal friskule.
Hei, dette er en kommentar.
For å starte med moderering, redigering og sletting av kommentarer, vennligst gå til Kommentar-skjermen i kontrollpanelet.
Kommentator-avatarer kommer fra Gravatar.